Storbynatt 2

når eg sleikjer
stjernerkartet
for sjuande gongen

burde p2 stengje

og pandabjørnar
slutte og føde
sine barn
på youtube

Panda love

Eg likar å sjå på livet gjennom eit dogga glas. Å stryke fingrane forsiktig over ein flisete trebenk medan eg høyrer på lydane. Eg vert ikkje invitert med inn.

Når det kjem nokon, latar eg som om eg snakkar i telefonen, men det eg eigentleg gjer, er å ta opp lydane, og høyrer på opptaket etterpå. Eg høyrer skritta deira, og bankar i takt på den slitne benken.

Mange av dei tek heisen. Sjølv om dei berre skal opp i femte, kvifor tek vi heisen eigentleg, spør eg meg sjølv om, og seier det høgt inn i telefonen. Og så fyrer eg opp ein sigarett. Eg trur at vi håpar at noko skal vere med oss den korte turen, og at vi i nokre sekundar skal vere i same rom, og stå nære kvarandre. I den korte tida turen tek, og sidan fleire lengre stunder, gå turar, og køyre heisen saman, opp og ned, for så og kanskje ein dag synke inn i kvarandre.

Når eg har fått vondt i halsen av for mange sigarettar går eg inn, og tek heisen opp i fjerde etasje, av og til tek eg den ned att, og går dei fire etasjane opp trappene igjen, dreg meg etter gelenderet.

På youtube føder store pandabjørnar små, det er så enkelt for ein panda, plutseleg er den ute, ingen tårer, berre moderleg sleiking bak øyret, og hyla er gledeshyl, og eg spør alltid kva barnet skal heite.

Ein dårleg politimann.

Ein stad langt unna, stod det ei hytte. Ho var skakk, men ho stod. Vinden blåste rett gjennom glipene i veggen, og strauk Ottar over andletet. Han var ein dårleg politimann. Insisterte å skrive alt på ei gammal og bråkete skrivemaskin, sjølv om alt hadde gått mykje snøggare om han ikkje hadde gjort det. Men han likte å ta seg tid, han Ottar. Særleg når det gjaldt arbeidet sitt, som han tok ganske alvorleg. Han var gamal, og furene i huda hadde vokse seg større med åra. Skjegget med.

No sat han der som alle andre kveldar, bøygd over skrivemaskina, klar til å løyse alle kriminalsaker som andre hadde gløymt. Tenkerynkene trakk seg saman, og han skreiv ei ny overskrift. Bilen. Det var det ordet han skreiv. Så vrei han litt på det hjulet som gjorde at han hoppa eit par hakk lenger ned på sida, og fortsette i eit umenneskeleg lågt tempo. Pusta tungt for kvart ord, teksten vart til medan han tenkte. Uff, sa han høgt, eit stønn, og så ikkje meir. Han stira på setninga han hadde skrive. Den vart litt feil. Han visste ikkje kvifor, men den fyrste setninga fekk han aldri heilt til. Det sto fem kaffikoppar på borde framføre han, og han tok den som var minst skiten, og fylte den opp med rykande, svart væske. Han reinska halsen med ord som ingen hadde høyrt før, og kjende seg klar. Han måtte alltid seie setningane høgt for seg sjølv medan han trykte dei fast til papiret, det var slik han fann ut om dei vart rette. Alt måtte vere rett. Rett og presist.

Du må tilstå. Han sa det høgt. Du må tilstå. Han meinte det verkeleg. Han klarte ikkje ei til natt med den same draumen.

Lyset brann ned, og det vart mørkt i rommet. Han sukka svakt denne gongen, løfta den tunge kroppen sin, og slo på lysbrytaren. Han arbeidde best i lyset av eit einaste stearinlys, men sidan han hadde måtte rasjonere lysa sine dei siste månadane, måtte han berre godta det kunstige, elektriske lyset. Han måtte sjå kva han gjorde, og nattesynet hans hadde svikta med åra.

Etter ei stund med lite skriving, seig han sakte lenger bakover på pinnestolen, og til slutt glei han inn i den same leida han har glidd så mange gongar før.

Eg vaskar, men det vil ikkje vekk.

Ein fugl glei glatt gjennom tida. Det haustast, og lauvet vart hardt, og så mjukt, for så og forsvinne ned i jorda for å helse på røtene sine, og mase om å ikkje få gli opp att og sjå verda på ny når det vart vår. Det tok visst nokon månader før dei kunne få endeleg svar, og gjekk til kvile i den kalde jorda så lenge.

Ein varsam vind strauk som rakna strømpebuksetrådar over andleta våre i kveld. Sjølv om nokon drakk morgonkaffien sin, og sjølv om du gjekk for å hente avisa. Der var det ikkje noko, og sidan blada var blanke, vart det kveld, som så mange gonger før. Det var eit slør der, som ein godt kunne sjå igjennom, men det låg der likevel, og terga.

Eg er stundom den som lever.

Av og til er verda eit rom fullt av menneske frå ulike delar av verda. Nokon står med høge kvitvinsglas og ser ikkje andre enn seg sjølv, medan nokon ligg på golvet og græt.

Eg ville eigentleg snakke, men dei døydde alle av mangel på livsglede.

...

Å røykje morgonen ut gjennom ei blå vasspipe, å sjå morgondisen stige opp på den nakne himmelen. Det er ikkje eg som søv i senga. Eg kan sjå dei veksande skyene. Den kalde lukta. Og dei varme veggane som brer seg om meg. Han snakkar eit vakkert språk som berre byen skjønar.

Smi dei om, eller støyp nye.

Ute er alt i endring. Inne er alt alltid det same.

Visjonen min.

Eg tenkte det hadde vore eit spennande prosjekt, det å skrive ei bok med bloggarar som hjalp til å lyfte fram ei bok. Alle tekstar eg legg ut her er grove og uhøvla, meir som tankeskisser. Eg vil gjerne ha tilbakemeldingar.

For dykk som har lest dei små tekstane nedanfor, tenker eg det hadde vore ein idè om det var ein sjel som hang att i den bilen. Så flyttar eit nytt menneske inn, kanskje drive på flukt frå noko, kanskje ei gammal dame. Og sjela ("spøkelset") er ein liten gut, som vi ikkje heilt veit kvifor døydde i bilen. Og så får vi nokre spennande samtaler dei imellom. Eg trur eg skal prøve det. Nokre innspel?

Bilen.

Ein stad ikkje langt unna, sto ein parkert bil. Ei gammal bil, ein du ikkje får kjøpt i dag. Riktig lenge hadde den stått slik, parkert og forlaten. Trea hadde vakse opp kring den, midt i kring buskar og blomar sto den der. Nokon hadde døydd i den bilen for lenge sidan. Difor kunne du på lang avstand sjå omrisset av ein mann der inne, men om du kom nærare var det ingen. Berre restar av gamle seter. Ein kunne vel eigentleg ikkje sjå bilen frå avstand heller.

Ei einsleg and. Bokprosjekt, den uredigerte byrjinga.

Ei einsleg and sumde roleg rundt og rundt i sin eigen vesle dam. Store ringar og små ringar. Plutseleg var det noko som ikkje stemde. Kanskje var det raslinga i blada som var feil, eller korleis trea spegla seg i det stille vatnet. Noko var det. Ho blunka nervøst, og det rykte litt ekstra i andefoten, og anda auka farten, sjølv om ho visste at ho berre sumde i sirklar. Der var det igjen. Det var komen ei uro over ho, som ho ikkje heilt skjønte sjølv.

Lyset var farga grønt av alle trea. Det var ei stund sidan snøen hadde smelta, men før den fòr vaska den skogen rein. Blanke blad skein stolt om kapp, og strakk seg etter den nye morgonsola.

Om denne bloggen.

Eg skriv, du kommenterer, eg lærer, og får kan hende litt inspirasjon tilbake.

Om eg er heldig.

Kanskje blir resultatet ei bok der handlinga blir driven fram av dykk lesarar?
Kanskje skjer noko heilt anna?
Kanskje får eg ingen tilbakemelding.
Men eg treng eit stad å lufte tankane. Difor denne bloggen.

Nokre tekstar. Bokprosjekt. Nokre dikt. Ok. Då byrjar vi.
Les mer i arkivet » August 2008
hits